VL VOSS LAGERHOTELL

Leigekontrakt

For leige av lagerbod hjå Stica Eigendom AS

Når du forlèt lageret, skal ytterdøra vere låst og porten nede. Dersom koden til inngangsdøra blir endra, vil ny kode bli sendt på SMS.
1. Utleigar
NamnStica Eigendom AS
AdresseØvre Langhaugen 7, 5709 Voss
Org.nr.933 141 497
Mobil+47 922 83 984
E-postregnskap@stica.no
2. Leigetakar
3. Bodtype

Leigeforholdet omfattar følgjande bodar. Kryss av for den storleiken du ønskjer:

Lokalet er oppvarma og held om lag 15 grader.

4. Bruk av leigeobjektet

Leigeobjektet skal berre nyttast som lagerbod for eigne gjenstandar.

Leigetakar aksepterer at det ikkje er lov å lagre gjenstandar som er ulovlege, stolne, brannfarlege, brennbare væsker, eksplosiv, matvarer, ting som kan bli øydelagde eller liknande. Heller ikkje væsker som kan fryse og skape lekkasjar ved opptining kan lagrast i boden. Dersom du er i tvil eller usikker, ta kontakt med utleigar.

Boden er tilgjengeleg for leigetakar alle dagar mellom kl. 08:00–22:00.

Det er ikkje lov å ta med utanforståande inn i lageret utan at dette er avklart med utleigar.

All røyking og bruk av rusmiddel er strengt forbode på lagerområdet.

Søppel eller gjenstandar må ikkje etterlatast i korridorane eller rom som det er flytta ut frå.

Lagerområdet er videoovervaka heile døgnet og sikra av Voss Vaktservice.

5. Leigetid

Leigeforholdet gjeld frå den dagen leigetakar ønskjer eller tek i bruk boden, og varer til det blir sagt opp av ein av partane.

Leigekontrakten kan seiast opp med éin månads varsel av begge partar. Oppseiingsperioden gjeld frå den 1. i månaden etter at oppseiinga er motteken av utleigar. Oppseiinga skal sendast per e-post til: regnskap@stica.no

6. Leigesum

Leiga blir normalt betalt for éin kalendermånad om gongen og forfell til betaling den 1. i kvar månad.

Ved oppstart av leigeforholdet, når kontrakten er signert av begge partar, blir det betalt leige for resterande dagar i inneverande månad, pluss neste månad. Deretter blir leiga betalt for valde periodar. Leiga blir betalt på grunnlag av tilsend faktura på e-post.

Dersom leigetakar er registrert i meirverdiavgiftsmanntalet, kjem meirverdiavgift i tillegg til oppgitt leige.

Ved forseinka betaling skal det betalast forseinkingsrente i samsvar med lov av 17. desember 1976 nr. 100 eller lov som erstattar denne. Utleigar har rett til å krevje gebyr ved purring.

Det blir ikkje gitt refusjon til leigetakarar som vel å flytte ut før leigeperioden er over.

7. Framleige / overdraging

Leigetakar har ikkje rett til, utan skriftleg samtykke frå utleigar på førehand, å overdra denne kontrakten til annan person, selskap eller institusjon.

8. Utleigar og leigetakar sine plikter

Det ligg på utleigar å sørgje for at bygningen med tekniske installasjonar blir halden i tilsvarande stand som ved kontraktsinngåinga, eller betre. Utleigar skal sørgje for godt vedlikehald, drift, brøyting og reinhald av utvendige fellesareal.

Utleigar kan avslå søknad om leige av lagerbod dersom søkjar eller firma ikkje kan leggje fram identifikasjon / firmaattest, ikkje har fast adresse, gyldig kontaktperson, ikkje er kredittverdig eller opptrer i strid med reglane.

Leigetakar pliktar å handsame dei leigde lokala og eigedomen elles med tilbørleg aktsamheit.

Kostnader til utbetring og eventuell erstatning i samband med desse forholda er leigetakar sitt ansvar.

Leigetakar blir oppmoda til jamleg kontroll av innhaldet i lagerboden for å hindre skadar som følgje av til dømes frost, fukt, skadedyr eller utøy.

Leigetakar pliktar å følgje ordensreglar, brann- og rømmingsinstruksar og retningsliner for brannvern.

Utleigar skal sikre at leigetakar har tilgang til boden mellom kl. 08:00–22:00 alle dagar. Opningstida kan bli endra i kontraktstida.

Avfall skal leggjast i eigedomen si søppelkasse. Avfall av ekstraordinært omfang eller karakter må leigetakar sjølv fjerne for eiga rekning.

Leigetakar pliktar å gi utleigar tilgang til lokala alle dagar for ettersyn, reparasjon, vedlikehald, inspeksjon, taksering osv. Utleigar vil normalt avtale tidspunkt for inspeksjon med leigetakar. I tilfelle der det blir vurdert som nødvendig for å førebyggje eller avgrense skade på eigedomen, har utleigar rett til å skaffe seg tilgang til lokala. Utleigar kan disponere eigen nøkkel som ved behov kan nyttast i slike ekstraordinære tilfelle.

9. Vedlikehald

Utleigar har ansvar for å dekkje alt utvendig bygningsmessig vedlikehald, samt skifte ut tekniske installasjonar når desse ikkje lenger kan vedlikehaldast på ein kostnadseffektiv måte.

10. Leigetakar sitt avtalebrot

Ingen leigetakar kan flytte ut før gjelda til utleigar er gjort opp. Leigetakar gir utleigar pant i dei lagra gjenstandane inntil alt uteståande er betalt.

11. Fraflytting

Leigetakar skal ved fråflytting levere tilbake lokala i same stand som ved leigestart, og med hengelås. Dersom vedlikehaldsplikta er oppfylt med normale intervall i leigeperioden, aksepterer utleigar normalt slitasje og elde fram til fråflytting.

Tapt hengelås / nøklar blir fakturert med kr 500,–

12. Forsikring

Utleigar sørgjer for nødvendig brann- og naturskadeforsikring på bygg og lagerlokale, samt forsikring av fellesareal.

NB! Utleigar si forsikring dekkjer ikkje leigetakar sine gjenstandar i lagerboden.

Utleigar har ikkje ansvar for skadar eller tap som oppstår ved innbrot, brann, vasskade m.m., utover det som blir dekt av forsikringane utleigar har som huseigar. Dette gjeld ikkje skadar som skuldast utleigar sitt mislighald.

Leigetakar må sjølv sørgje for nødvendig forsikring av innhaldet i lagerboden. Leigetakar forsikrar eige fast og laust inventar, lausøyre, maskiner, varer m.m. som blir oppbevarte i boden.

Leigetakar må sjølv kontakte forsikringsselskapet sitt for å melde inn boden slik at eigedelar som blir oppbevarte der, er omfatta av eiga innbuforsikring.

Utleigar kan krevje at leigetakar legg fram forsikringsbevis med vilkår og kvittering for betalt forsikring.

Utleigar har ikkje ansvar for tap som måtte oppstå på leigetakar sine eigedelar ved vasslekkasje, fukt, brann, lynnedslag, frost, naturskade, tjuveri, støv, utøy og skadedyr m.m.

13. Uføresette hendingar

Streik, lockout, blokade eller andre forhold partane ikkje rår over, som til dømes brann, eksplosjon, lynnedslag, naturskade, ukontrollert vassutslepp, avbrot i tilførsel av vatn, straum, telefon m.m., opptøyar, krig eller inngrep frå offentleg styresmakt, fritar utleigar frå å oppfylle sine plikter etter denne kontrakten i den grad dei ikkje kan oppfyllast utan urimeleg høge kostnader.

Under slike forhold fell òg plikta til å betale tap- eller skadeserstatning bort.

14. Prisregulering

Utleigar kan årleg, med verknad frå 01.01. kvart år, krevje leiga regulert i samsvar med eventuelle endringar i Statistisk sentralbyrå sin konsumprisindeks, eller annan tilsvarande offentleg indeks dersom denne blir oppheva.

15. Særlege føresegner

Leigetakar har gjort seg kjend med og godtek vedlagde vilkår for leige av lagerbod hos Stica Eigendom AS.

16. Signatur

Denne kontrakten er underskriven i to eksemplar, eitt til leigetakar og eitt til utleigar.

Utleigar — Stica Eigendom AS

Leigetakar